Saklig søndag: Litteratur i Andeby

Føredrag ved Alf Kjetil Walgermo

Icon of a ticket100,– / 70,– / gratis for barn under 18
Bildet viser Donald Duck nedgravd i bøker
Illustrasjon: Detalj fra bokomslag, Det norske Samlaget

Donald Duck er ein populærkulturell bauta både i Noreg og internasjonalt, og historiene frå Andeby har lært tallause nordmenn å lese og forma litteratursynet deira. Ein av dei er forfattar Alf Kjetil Walgermo, som no er ute med boka Litteratur i Andeby, ei litteraturvitskapleg kjærleikserklæring til Donald Duck og hans litterære verd.

I dette føredraget vil Walgermo utforske korleis Donald og venene hans har satt avtrykk i litteraturhistoria og korleis litteraturhistoria har satt avtrykk i Andeby. Her kan du blant anna høyre om storheiter som Homer, Dante og Shakespeare og på kva måtar dei duckar opp i Donald-blada.

Velkomen til eit andleis føredrag!

Arrangementet er gratis for dei under 18 år.

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!