Ferdaminne frå Astrupland

Ragnar Hovland, Steffen Kverneland og Erle Marie Sørheim

Icon of a ticketFestivalpass: 300,- / 150,-
Illustrasjon av Nikolai Astrup i profil foran et sankthansbål
Illustrasjon: Steffen Kverneland, detalj fra omslaget på Astrup

Kva skjer når ein forfattar og ein teikneserieskapar legg ut på roadtrip til Astrup-tunet i Jølster for å skrive ein ny og grensesprengande Astrup-biografi? Jo, underlege ting, uventa (eller venta?) møte, fuktige kveldar og lysande idear.

Allereie i 2001 annonserte forfattar Ragnar Hovland at han skulle skrive ein biografi om ein av Noregs største målarar, Nikolai Astrup (1880-1928), men i 2004 kunne NRK melde at biografien var utsett på ubestemt tid. No, 25 år seinare, er den endeleg klar. Med på laget har Hovland fått teikneserieskapar Steffen Kverneland, og saman har dei skrive ein såkalla gonzo-biografi, som handlar minst like mykje om portrettørane som om Astrup.

No møter Hovland og Kverneland forfattar og journalist Erle Marie Sørheim til ein samtale om kunst og køyreturar, Astrup og alkohol.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!