Erling Braut Haaland - frå liten til størst

Korleis blei Erling Braut Haaland SÅ god på fotball? Blei han fødd slik, tru?

Omslag på bok og foto av Ørjan Zazzera Johansen
Foto: Studio Hjelm, illustrasjon: Kristoffer Kjølberg

Alt du har lurt på om fotballstjerna frå Bryne. Korleis trena Erling Braut Haaland då han var liten? Kva inspirerte han, og kven såg han opp til? Kva var favorittmaten hans?

Erling har òg vore fersk fotballspelar ein gong, og i boka Erling Braut Haaland - frå liten til størst får du vite kva som gjorde at han blei best: det gode klubbmiljøet, treningsrutinar og øvingar, stålviljen, fotballgleda.

Forfattaren Ørjan Zazzera Johansen er òg frå Bryne. Ingen kjenner Erling og Bryne så godt som han, og no kjem han til Litteraturhuset for å fortelje frå boka. Boka er gjennomillustrert av Kristoffer Kjølberg.

Passar for barn frå 4 år.

Hent ut gratisbillettar via denne lenka, i tillegg blir det moglegheit for å hente ut nokre gratisbillettar i døra.

NB: Me gjer merksame på at uhenta billettar blir frigjorde fem minutt før arrangementsstart.

Dette arrangementet er ein del av barne- og familiedagen under Norsk sakprosafestival 2025. Det skjer mykje anna kjekt same dag:

Sjå fullt program for dagen her

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!