Tom Roger Aadland // Konsert med bokbad

Rockepoeten Tom Roger Aadland er aktuell med boka «Alle dei i ei – Songlyrikk 1999-2024». Laurdag 22. november avsluttar han haustturnéen med konsert og bokbad. Samtalepartnar er forfattaren Maria Kjos Fonn.

Icon of an id badge

Organised byTom Roger Aadland

Icon of a ticketVaksen: 250 ,- / Student: 175
Tom Roger Aadland

Rockepoeten Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste låtskrivarane her i landet dei siste åra. No blir songtekstane hans tilgjengelege i boka «Alle dei i ei – Songlyrikk 1999-2024», som kjem ut på Fonna Forlag. Laurdag 22. november held han konsert med bokbad på Litteraturhuset i Oslo. Samtalepartnar er den prisløna forfattaren Maria Kjos Fonn.


Aadland slo gjennom med Dylan på nynorsk-albumet «Blod på spora» i 2009. Så begynte han å skriva på nynorsk sjølv, og til no har det kome elleve kritikarroste album frå hans hand. Fleire av songane hans har blitt mykje spelt på norsk radio, og mange vil kjenna igjen titlar som «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Han er også kjent som tekstforfattar for Hellbillies og Vamp, og han har hatt skrivesamarbeid med Kjartan Fløgstad og Trygve Skaug. I den nye boka er alle tekstane frå hans eigne soloplater samla, i tillegg til mange av tekstene han har skrive for andre artister.


«Som Dylan kan Aadland med nokre enkle, suggestive fra­sar teikne opp ein augneblink og lade han med noko som får han til å verke avgjerande», skreiv Dag og Tid for ti år sidan. Då albumet «Motgift» kom ut, skreiv Klassekampen: «Han kan til tider minne om en norsk Cohen, i balansegang mellom hverdag og mytologi, Jokke og Homer.»

«Poesien sin misjon er ikkje å ta i bruk dei største orda, men å smi dei små orda i linjer og vers, gi dei meining», skriv lyrikaren Endre Ruset i føreordet til boka. Aadland sin songlyrikk rommar både det nære og det vidfemnande.


Aadland sine Dylan-gjendiktingar har blitt lagt merke til av mange, og då biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan tolka av Aadland det musikalske ønsket hennar, og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Då høver det bra at haustens første «songbokbad» blir med biskop Anne Lise Ådnøy under litteraturfestivalen Kapittel i Stavanger. Deretter drar Tom Roger Aadland på landsomfattande turné med blodfersk bok i gitarkofferten.

The individual organizer is responsible for the event and text, obtaining photo permission, and photo credit. For questions about content, participants, or other details, please contact the organizer directly.


Do you want to rent Wergeland?

This event will take place in Wergeland. Wergeland er Litteraturhusets storstue, med amfi og stolrader.

Bilde av Litteraturhusets hovedsal Wergeland

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!