Svart-kvit historie

Nobelprisvinnar Nadine Gordimer

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

Då Nelson Mandela slapp ut frå fengslet, var Nadine Gordimer ei av dei fyrste han ønskte å møte. Den no 88 år gamle forfattaren har vore sentral i kampen mot apartheid både virket sitt som forfattar og som aktivist, og ho er eit viktig tidsvitne når Sør-Afrikas historie skal forteljast.

Gordimer gav ut den fyrste teksten sin som fjortenåring og har sidan motteke ei rekkje høgthengande prisar. Øvst tronar Nobels litteraturpris frå 1991. Mange av bøkene hennar er omsette til norsk. Den siste novellesamlinga, Beethoven var en sekstendedel svart, kjem ut i norsk språkdrakt denne våren og har fått gode kritikkar her heime.

Nadine Gordimer har lenge vist seg som ein meister i å få fram psykologiske og kulturelle spenningar i eit fleirkulturelt samfunn. Ofte er det immigrasjon, nasjonal identitet og rase som er i fokus, og korleis dette kjem til uttrykk i dei heilt nære relasjonane.

På Litteraturhuset samtalar Gordimer med Jakob Lothe, professor i engelsk litteratur, om dei tinga vi ikkje visste om Beethoven, forfattarskapen og om dei endringane heimlandet har gått gjennom i hennar levetid.

Arrangementet er utsolgt, men vil bli overført direkte på storskjerm i Amalie Skram og i Kjelleren. Overføringen er gratis.

Wergeland Litteraturhuset Nobelprisvinnar Nadine Gordimer

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!