Menn som ingen treng

Snikkikk med Frode Grytten

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

Menn som køyrer vekk. Menn som blir igjen. Menn som krasjar nye bilar. Menn som er på veg ned. Menn med for mykje gjeld. Menn med uvanlege kjønnsorgan. Einsame menn. Fredelege menn. Valdelege menn. Ærlege menn. Kriminelle menn. Menn ein stad midt imellom. Menn frå Rjukan. Menn frå Lillestrøm. Menn frå Fyllingsdalen. Menn frå Warszawa. Menn i eit nytt og skrudd Norge. Menn som treng kvinner. Menn som treng menn. Menn som ingen treng.

Menn som ingen treng er ei novellesamling med og utan håp, med og utan pengar, med og utan humor. Det er Gryttens niande novellesamling.

Frode Grytten er prislønt og kritikarrost for forfattarskapen sin og er kjend for bøker som Bikubesesong (1999) og Popsongar (2001). Våren 2014 brakdebuterte han som dramatikar med framsyninga Sånne som oss på Den Nationale Scene.

Litteraturhuset Snikkikk med Frode Grytten

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!