Frankenstein

Med Siv Frøydis Berg, Øystein Vidnes og Helge Jordheim

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

Vitskapsmannen Victor Frankenstein arbeider natt og dag, konstruerer ein kropp med kroppsdelar han finn på kyrkjegarden. Men då draumen om å skape kunstig liv endeleg ber frukter, ser han at det er eit monster han har skapt, og rømmer. Men kan han sleppe unna sin eigen skapning? Og vil monsteret nokon gong få oppfylt sitt høgste ønske: å kjenne kjærleik?

Mary W. Shelley var berre nitten år då ho i 1818 skreiv det som i ettertid vert omtala som den første science-fiction-romanen. Siv Frøydis Berg, forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket, har forska på kloning og kunstige menneske i litteraturen slik vi mellom anna finn det i Frankenstein. Forfattar Øystein Vidnes er aktuell med ei nyomsetjing av denne klassiske teksten. Dei nærles verket saman med professor i kulturhistorie og Frankensteinentusiast Helge Jordheim.

Kjelleren Litteraturhuset Med Siv Frøydis Berg, Øystein Vidnes og Helge Jordheim

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!