Diktatoren

Politisk teologi handlar om evna til å vere diktator. Dette er meir politisk aktuelt enn på lenge.

Icon of an id badge

Organised byExistenz forlag

Icon of a ticket

Free

Diktatoren

Velkomen til boklansering av «Diktatoren. Vestens politiske teologi» av historikar Nils Rune Langeland. Møt forfattaren i samtale med statsvitar Asle Toje.

«Kvar den som er av sanning, høyrer mi røyst», seier Jesus. «Kva er sanning?» svarar Pontius Pilatus. Som vi veit, sigra Jesus Kristus på krossen i det romerske imperiet. Er suverenitet personleg som hjå Jesus? At ein i eitt einaste blikk, med eitt einaste ord, kan oppheve heile samfunnsordenen?

Politisk teologi handlar om evna til å vere diktator. Tanken om eit suverent diktatur ubunde av juridiske fullmakter oppstår for alvor i mellomkrigstida. Carl Schmitt, som var Hitlers «kronjurist», hevdar dette synet. Hans Kelsen tek det motsette synet og vil kvitte seg med suvereniteten, den til folket òg, som han meinte førde til imperialisme og krig. Han inntek Pilatus’ posisjon. Denne boka fylgjer dei båe.

Personleg suverenitet var heilt avgjerande for både USAs og Vestens erobring av verda. Som antiimperialistisk motstand oppstod ein ny personleg suverén i form av partisanen. Denne verdssoga råmar inn striden mellom Schmitt og Kelsen i boka.

The individual organizer is responsible for the event and text, obtaining photo permission, and photo credit. For questions about content, participants, or other details, please contact the organizer directly.


Do you want to rent Nedjma?

This event will take place in Nedjma. Nedjma er en mellomstor sal i Litteraturhusets tredje etasje.

Bilde av salen Nedjma i 3. etasje på Litteraturhuset med tomme stolrader.

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!