Bomulv lengta bort. Som hundre trekkfuglar om hausten.
Det er hardt å vere ulv og ikkje kunne ule og ikkje sjå ut som dei andre i flokken. Det er også hardt å vere ulv å søkje seg ut i det ukjende og få seg ein ven som er ein sau med lekre kjøtfulle legger. Bomulv er namnet på den ulelause ulven som møter Stig, ein sau som skjønar.
Njord Svendsen har skrive forteljinga om Bomulv og Stig, og det er fyrste gong han har skrive bok. Akin Duzakin har laga dei vakre illustrasjonane. No les Njord om Bomulvs veg ut i verda som kanskje fører heim att, kanskje ikkje. For barn frå fire år.
ILL.: Akin Duzakin
Kjelleren Litteraturhuset Med Njord Svendsen