Bitcoin: gull verdt?

Før stod pengestellet støtt på ein gullmyntfot. Er bitcoin digitalt gull og vår tids gullstandard?

Hard valuta: Norske kroner tufta på gull.
Foto: Noregs Bank

Det er tankevekkjande korleis tenkinga rundt pengar, pengepolitikk og pengestell skifter med tida og tilhøva. I Noreg har vi - i korte trekk - gått frå sylv via gull til skir tillit til lovverk og institusjonar - og så frå fast til flytande valutakurs kombinert med såkalla inflasjonsstyring. Men historia er ikkje over. Og bitcoin aktualiserer nygamle tankar rundt djupe og tidlause pengemessige problemstillingar. Meir konkret: Kvifor har gull spelt ei så viktig pengepolitisk rolle? Kor vellukka var eigentleg gullstandarden i si tid? Og korleis er bitcoin eventuelt relevant i denne samanhengen framover?

Bitcoinpolitisk institutt Noreg (BPI) har invitert professorane Svein H. Gullbekk (UiO) og Lars Fredrik Øksendal (Universitetet Innlandet) til å samtala om dette. Gullbekk - namnet skjemmer ingen - kan meir om gullpengar enn dei fleste, medan Øksendal har doktorgrad i økonomisk historie frå NHH og var med og skreiv historia om Noregs Bank og norsk pengepolitikk i samband med 200-årsjubileet i 2016. Ordstyrar: Morten Søberg, generalsekretær i BPI.

Etter samtalen, spørsmål og svar vert det som sedvanleg sosial mingling nede i baren/restauranten.

The individual organizer is responsible for the event and text, obtaining photo permission, and photo credit. For questions about content, participants, or other details, please contact the organizer directly.


Do you want to rent Kverneland?

This event will take place in Kverneland. Kverneland er en lys sal med utsikt mot Slottsparken.

Bilde av salen Kverneland på Litteraturhuset, med en stor veggillustrasjon som viser norske forfattere, tegnet av Steffen Kverneland.

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!