Information in English
Litteraturhuset
Lansering av Stephen J.Waltons Roadmovie
Lansering av Stephen J.Waltons Roadmovie

Onsdag 15. februar kl. 1900, i Kjelleren

Arrangør: Aschehoug forlag

Kva får ein stakkarsleg omsetjar på Det Norske Samlaget til å streve så mykje med ei omsetjing at resultatet vert ein roman utgjeven på Aschehoug forlag? Om svara er å finne i romanen, kan dei ta form av biografiteori, hermetikkvitsar, kommunistsongar, nynorskbrukarens sjølvmedvit, omsetjingsproblematikk eller postmoderne homoerotisk undertekst.
 
 
Den prislønte men psykisk sterkt tyngde Bodvin Rovde har enda opp i eit nedslite syttitals-småbruk ved svenskegrensa. Sjølv om han av prinsipp avskyr alle publiserte forfattarar, er han blakk, og ser seg dermed nøydd til å omsetje ei bok. Det er ein kåt roadmovie skriven av den kjende professoren Simon Anderson ved Institutt for nytta kjønnsforsking i Sandane. Men før Bodvin set i gang med omsetjinga, får vi servert hans eigen mistrøstige livssoge. Frå oppveksten i Vanylven ber det via kjøleskapsforsking ved Universitetet i Haugesund til Amerika, kor Bodvin endar opp som barpianist i Las Vegas. På nokre nevrologiske punkt støyter livet til Bodvin saman med den teksten han skal omsetje. Da snører alt seg til, og forfattaren, Walton, er nøydd til å melde seg i teksten for å rydje opp. Da vert jo sjølvsagt alt mykje verre.
 
Stephen J. Walton er kjend i norsk offentlegheit som sakprosaforfattar og professor i nynorsk skriftkultur. Han har fått særleg merksemd for bøkene Ivar Aasens kropp, Den teksta versjonen. Amerikanisering og modernitetens intellektuelle og biografiboka Skaff deg eit liv! (alle på Det Norske Samlaget). På Litteraturhuset møter han forlagssjef Trygve Åslund og redaktør Nora Campbell for å snakke om litteratur, humor, nynorsk og erotiske spenningar

Arrangør og tekst: Aschehoug forlag
For spørsmål om innhold, deltakere eller eventuelt billettsalg, ta kontakt direkte med arrangør.
Del denne siden på: Legg til i kalender
Print

Kafe Oslo
man - tir 10.00 - 00.30
ons - lør 10.00 - 03.30
søndag 12.00 - 20.00

Tanum Litteraturhuset
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00