Information in English
Litteraturhuset
Fedrar og søner
Fedrar og søner

Anne Oterholm og Christian Refsum

Onsdag 27. oktober kl. 1900, Amalie Skram
Kr. 80,- (kr. 50,- for student)
Arrangør: Litteraturhuset
Kjøp billetter

Ein far tek sønene sine med på ei reise til Frankrike. For han er det eit forsøk på å ta kontroll over eige liv og verte betre kjend med to gutar som har vakse opp så å seie utan han. For mora ein provokasjon. For samfunnet ei kidnappingssak. Dette er utgangspunktet for Anne Oterholms fleirstemmige roman Toget fra Ajaccio, som kom tidlegare i år.

Ein annan far rykkjer sin tenåringsson ut av kvardagen og legg ut på ei ulovleg vandring i fjellheimen. Dei bryt seg inn i hytter og et det dei finn. Undervegs veks det fram eit skjørt forhold mellom ein mistilpassa ung gut og ein mann som heller ikkje har livet sitt på stell. Det kan ikkje vare, men korleis skal dei kome seg vidare? I boka Løftet skildrar Christian Refsum møte med både barnevern og fengselsvesen, men i sentrum står to menneske som strevar for å halde kvarandre oppe.

Anne Oterholm vann i haust den prestisjetunge Aschehougprisen for forfattarskapen sin. Ho har ofte fått ros for å skildre dei banale og kvardagslege sidene ved liv og kjærleik på eit vis som syner dei fram som eksistensielt drama. I Toget frå Ajaccio undersøkjer ho ein mann som ikkje heilt har grep om tilværet, ved hjelp av hans eigen versjon og andres tankar om han. Eit tilsvarande grep nyttar Christian Refsum – her kjem dei som ser situasjonen utanfrå til orde i eigne kapittel. I begge bøkene er faren langt frå den autoritære, patriarkalske figuren me kjenner frå tidlegare litteratur. Kvifor har forfattarane valt seg fedrar og søner? Og ber dette fokuset bod om ei moderne mannsrolle i ulage?

Singelkutt: Kjersti Bronken Senderud

Etter arrangementet er det Onsdagskjeller med egen bar, spill, bøker og musikk i Kjelleren.


Arrangør og tekst: Litteraturhuset
For spørsmål om innhold, deltakere eller eventuelt billettsalg, ta kontakt direkte med arrangør.
Del denne siden på: Legg til i kalender
Print

Kafe Oslo
tlf: 21 54 85 71
man - tor 10.00 - 00.30
fre - lør 10.00 - 02.00
søndag 12.00 - 20.00

Tanum Litteraturhuset
tlf: 23 69 10 80
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00