Information in English
Litteraturhuset
Det norske essayet
Det norske essayet

Fløgstad, Ravatn og Sunde

Onsdag 6. oktober kl. 1900, Wergeland
Kr. 80,-
Arrangør: Litteraturhuset
Kjøp billetter

Kva er eigentlig eit essay? Skal ein tru Noregs kan hende største essayist gjennom tidene, Georg Johannesen, kan det vere omtrent kva som helst. Han skreiv ein gong at sjølve livet var eit essay.

Essayet kan opna augo dine for nye tankar og idear, slik Kjartan Fløgstad gjorde i Loven vest for Pecos, der han argumenterte mot skilnadene mellom høg og låg kunst og skapte eit nytt referanseverk innanfor norsk kulturteori. Det kan òg ta føre seg dei retteleg små tinga på ein elegant og underhaldande måte, som når Agnes Ravatn med sin personlege penn gjev att skvalderet på eit bakeri i ein mellomstor norsk by. Eller det kan vere som hos Ole Robert Sunde, tekstar som snirklar seg i veg via litterære omvegar og finurlege assosiasjonsrekkjer og skriv seg inn i ein moderne montaignesk tradisjon.

Desse tre framifrå essayistane kjem til Litteraturhuset si scene denne kvelden for å samtala både om særmerka og kjenneteikna til det norske essayet og om eigen essayistikk. Professor Gisle Selnes innleier om historia til essayet både i Noreg og i verda. Samtalen vert leidd av litteraturmeldar og journalist Kåre Bulie.

Singelkutt: Audun Mortensen

Etter arrangementet er det Onsdagskjeller med eigen bar, spel, bøker og musikk i Kjellaren. Denne onsdagen kan du høyre Harald Rosenløw Eegs speleliste «summerhængover/omfavnmørket».


Arrangør og tekst: Litteraturhuset
For spørsmål om innhold, deltakere eller eventuelt billettsalg, ta kontakt direkte med arrangør.
Del denne siden på: Legg til i kalender
Print

Kafe Oslo
man - tor 10.00 - 00.30
fre - lør 10.00 - 02.00
søndag 12.00 - 20.00

Tanum Litteraturhuset
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00