Information in English
Litteraturhuset
Industrispor i norsk litteratur
Industrispor i norsk litteratur

Frode Grytten, Lars Ove Seljestad og Kjartan Fløgstad

Torsdag 26. februar kl. 1900, Wergeland
80,-
Arrangør: Litteraturhuset
Kjøp billetter

Me lever i ei postindustriell tid, vert det sagt. Er det sant? Kva spor finn ein av industri i norsk samtidslitteratur?
Litteraturhuset har samla tre vestlandsforfattarar i Oslo for å finne svaret. 

Lars Ove Seljestad knalldebuterte med boka Blind i 2005. Forteljinga er rotfesta i vestlandskulturen, men følgjer hovudpersonen til eit liv i akademia. Ho vart soleis den store norske romanen om klassereisa, sjølv om ho óg var ei bok om klasse i seg, nærmare bestemd industriarbeidarklassa. Seljestad er no tilbake med den burleske og fragmentariske roman Frægd frå same miljø. 

Frode Grytten på si side har gjennom Bikubesong udødeleggjord murboligen i Odda, og har i ei rekkje andre romaner og noveller skildra livet i og spelet mellom klassane i industristaden.

Sjølve nestoren i norsk industrilitteratur er Kjartan Fløgstad, som i fjor vart heidra med Brages ærespris. Dalen Portland, Fyr og flamme og no sist Grand Manila er kanskje dei viktigaste skildringane av det moderne Noreg, om så vel industrialisering som avindustrialisering. 

Litteraturhuset vil gjennom 2009 med utgangspunkt i litteraturen ta opp fire sentrale emne i moderne norsk politisk og økonomisk historie. Etter industrien kjem olja, sosialdemokratiet og nyrikdomen. Alle møta vert leia av Dagsavisens Annette Orre

Singelkuttet: Håkon Øvreås


Arrangør og tekst: Litteraturhuset
For spørsmål om innhold, deltakere eller eventuelt billettsalg, ta kontakt direkte med arrangør.
Del denne siden på: Legg til i kalender
Print

Kafe Oslo
man - tir 10.00 - 00.30
ons - lør 10.00 - 03.30
søndag 12.00 - 20.00

Tanum Litteraturhuset
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00