Information in English
Litteraturhuset
Vinter 2010
Vinter 2010

Vinter 2010Nytt program klart!

Mykje har gått bra på Litteraturhuset etter at det opna for over to år sidan. Over ein halv million har vitja huset, me har hatt meir enn femten hundre forfattarar og debattantar på scena på nærare to tusen arrangement. Mange hundre organisasjonar, lag og institusjonar har arrangert møte her på denne tida. 

Sjå fullt program for vinteren her


Me som jobbar på Litteraturhuset, prøver å nytta dette som fundament for å gjera endå meir, ikkje minst å utvikla kvaliteten, breidda og den internasjonale sida av huset vårt. Me har ei von om at noko av det som skjer her, også kan ha ein effekt utanfor Noregs grenser. 

Fyrste kvartal i 2010 har me i alle fall premiere på den mest ambisiøse satsinga vår til no. Forfattarane Tariq Ali og Thorvald Steen har jobba saman i over eit og eit halvt år for å skriva eit nytt teaterstykke om kampen mellom sultanen Saladin og krossfararen Richard Løvehjarte om Jersusalem. Ideen kom då dei to møttest på Wergelandkonferansen på Litteraturhuset i 2008. Ut av det møtet sprang dei første internasjonale Saladindagane som trekte over to tusen tilhøyrarar i 2009, og no kjem urframføringa av stykket i samband med Saladindagane i år. Stein Winge har egissert, og på rollelista står står Monna Tandberg, Pia Tjelta, Bjørn Sundquist, Christian Skolmen, Henrik Mestad og Stein Grønli. Ørkenstormer settes opp i storsalen vår, med hjelp frå Nationaltheatret, Riksteatret og Utanriksdepartementet. Dette bør du få med deg.

Aslak Sira Myhre
Dagleg leiar

Les meir om teaterframsyninga Ørkenstormer og Saladindagane 2010 

Del denne siden på:
Print

Kafe Oslo
man - tir 10.00 - 00.30
ons - lør 10.00 - 03.30
søndag 12.00 - 20.00

Tanum Litteraturhuset
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00