Litteraturhuset
Litteraturhuset
Haust på Litteraturhuset
Haust på Litteraturhuset

Denne hausten er det stortingsval, og me på Litteraturhuset slår til med ein stor valdebatt om kultur. Her skal alle partia få bryna seg på dei store og små kulturpolitiske spørsmåla utan stoppeklokke og sendetidsavgrensingar.

Me inviterer partia til å leggja fram sin heilskaplege kulturpolitikk, med eit særleg blikk på litteraturen. Eg skal ikkje leggja meg for mykje opp i kva som skal meinast ved eit slikt høve, men eitt vil eg gjerne ha sagt: Me har ein fantastisk modell for litteratur i Noreg, hald på den. Det norske litterære systemet har oppnådd resultat som berre Drillo kan konkurrera med når det gjeld å vinna internasjonalt. Me har i dei siste femten åra hatt ei rekkje internasjonale bestseljarar, norske forfattarar får prisar, og dreg ein til Tyskland, veit folk langt meir om norsk litteratur enn me veit om tysk. Nordmenn les bøker, og me sel endå utruleg mange bøker samanlikna med til dømes USA, England og Frankrike. Dette skjer fordi me i Noreg i lang tid har bygd opp eit velfungerande system for å skriva, gje ut, låna og selja bøker. Dette systemet har dei seinaste åra vorte truga frå to hald: presset frå marknaden på den eine sida og trua på at nettet skal oppheva opphavsretten for alle på den andre sida.

Oppgåva til politikarane no er ikkje å finna opp krutet på nytt, og i alle fall ikkje å tuta med marknads- eller nettulvane. Politikarane må sikra at den maskina som har gått så bra, får halda fram med å verka. Bygg ut og styrk den modellen me har hatt, ikkje reparer ei maskin som verkar.

 

Aslak Sira Myhre
Dagleg leiar

Høst 09


Åpningstider Kafe Oslo
man - tir 10.00 - 00.30
ons - lør 10.00 - 03.30
søndag 12.00 - 20.00

Åpningstider bokhandel
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00