Information in English
Litteraturhuset
Våren på Litteraturhuset
Våren på Litteraturhuset

Forside 2-09Dei harde fakta
Kvifor veit eg noko om krisa i skipsfarten i 1880-åra? Kvifor har dei fleste høyrt om silda som kom og forsvann, om lofotfiske, fiskarbønder og dei harde 30-åra? Fordi me har lese om det, fordi dei store forfattarane har late økonomien verta litteratur og dermed gjort røynsla evig. 


Kva veit me om olja i Nordsjøen, livet i finansverda eller dagens norske økonomi? Langt mindre enn me burde, er min påstand, mellom anna fordi det har for liten plass i litteraturen. I 2009 har Litteraturhuset valt å setja fokus på moderne norsk politisk og økonomisk historie. Me har sett opp
fire møte, eitt i kvart kvartal, om dei harde fakta. Før påske var det industri, denne gongen er det finans og nyrikdomen i litteraturen med Sigmund Jensen, Torgrim Eggen og Henrik H. Langeland. Dei to neste kveldane skal handla om olje og sosialdemokratiet. 

I tillegg kan du også denne gongen få velja frå ein rikhaldig meny frå Litteraturhuset. Me held fram med å vera eit vindauga mot verda, denne gongen går turen til Iran, Kina og Kongo. Vel møtt!


Aslak Sira Myhre
Dagleg leiar

Leiar i programkatalog for andre kvartal 2009

Sjå program for våren her

Del denne siden på:
Print

Kafe Oslo
man - tir 10.00 - 00.30
ons - lør 10.00 - 03.30
søndag 12.00 - 20.00

Tanum Litteraturhuset
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00