Litteraturhuset
Litteraturhuset
Sauda, Noreg, verda
Sauda, Noreg, verda

Onsdag 3. februar kl. 19: Kjartan Fløgstad

fløgstadI førti år har Kjartan Fløgstad vore ein av Noregs viktigaste forfattarar. Kva går igjen i dei førti åra? Kva er Kjartan Fløgstads tema? Korleis ser han verda?

Lenge før nokon snakka om globalisering, skreiv Kjartan Fløgstad romanar om det. Lenge før kulturkampen og Frp skreiv han om elitens forakt for folkekulturen. I den seinaste boka si, Grense Jakobselv, spør Fløgstad om humanisme og danning kan berga deg frå noko som helst. Svaret han gir, er nei.

Me vil bruka denne kvelden til å setja fokus på forfattarskapen til Fløgstad. Kritikar Tom Egil Hverven vil freista å svare på kva som kjenneteiknar han og å setja bøkene i perspektiv. Så stiller forfattaren sjølv til samtale med Aslak Sira Myhre, og om me er heldige, les han noko for oss til slutt. 


Sauda, Noreg, verda 
Kjartan Fløgstad
Onsdag 3. februar kl. 1900
Wergeland
Kr. 80,- (student kr. 50,-)

Kjøp billettar her


Åpningstider Kafe Oslo
man - tir 10.00 - 00.30
ons - lør 10.00 - 03.30
søndag 12.00 - 20.00

Åpningstider bokhandel
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00